Asfaltfjerning

Fjerning av det gamle dekket er ein viktig del av forberedelsane og for å sikre eit godt resultat.

Vi tar oss av heile prosessen, frå fjerning og preparering av det gamle dekket, til flunkande ny asfalt!

Treng du asfalt til oppkjørselen, gårdsplassen, tunet eller på hytta?
Vi leverer asfalt til privatpersoner, burettslag og bedrift. 

Vurderar du å legge asfalt er det viktig å ha kontroll på grunnarbeidet og kva området faktisk skal benyttast til. Den viktigaste faktoren for eit vellykket resultat er ikkje berre sjølve asfaltdekket, men kva asfalten ligg på, altså fundamentet. Det er difor viktig å sikre gode rutiner i forbindelse med forberedelsane, fjerning av gammalt dekke og preparering av underlaget for nytt asfaltdekke. 

Skal det vere gang- og personbiltrafikk på området bør ein ha eit underlag på mellom 10-20 cm med finknust grus eller pukk. Dette omtalast som bærelaget og fordelar belastninga til grunnen under. Består grunnen av blaute jord- eller leiraktige massar må bærelaget være tjukkare.

Underlaget som skal asfalterast må komprimerast godt før asfaltering, det er ikke nok å bare jevne ut grusen. Eit tips er å vatne materialet godt og komprimere med en vibroplate eller liknande. Ved mangel på komprimering vil ein kunne få setningar og det vil kunne oppstå vanndammar.

Er du i tvil? 
Kontakt oss for ei uforpliktande synfaring. 

Asfalt bør ikkje leggast direkte på underlag som suger til seg og held på vatn. Det er også viktig å fjerne eventuell vegetasjon før arealet blir asfaltert.  Her kan ein bruke eit ugrasmiddel som sørgar for at vegetasjonen ikkje kjem tilbake - då den vil kunne vokse gjennom asfalten.

Pass på å få overflatevann til å renne vekk i frå veggar og faste installasjonar. Dersom ein ikkje klarar å få et fall på minimum 2% heile vegen vekk frå dekket, må det justerast for ei form for drenering (sluk/dreneringsrenne etc.).

Fall må etablerast allereie på underlaget før asfaltering. Det er vanskelegare å etablere fall med asfalten, og ein kan ende opp med at det blir ujamnt.

Send oss gjerne ein forespørsel

Synfaring
Kva skal asfalterast?
Areal
Kunde