Om oss

Asfalt & Forberedelser AS

Vi består av eit særs dyktig asfalt-team med mange års erfaring og brei kompetanse. 
Alle våre tilsette har fagbrev og lang fartstid i bransjen, er løysingsorienterte og hardt arbeidande. 
Vi presenterar og skryt med stor stoltheit av våre tilsette under.  

Kven er vi?

Asfalt & Forberedelser AS såg dagens lys i 2016 og er i dag ein betydeleg aktør innan asfaltering- og asfaltfaget. 

Vårt hovudområde er Vestland fylke, med fokus på Sunnfjord og det gamle Sogn og Fjordane fylke, men vi tek også oppdrag utanom desse grensene. 

Selskapet jobbar med alle typer tenester innan asfaltering og tilknytta tenester til dette. 
Asfalt & Forberedelser AS er eigd og driven av våre tilsette, for å sikre kvalitet i arbeid og ein lidenskap for faget. Dette sikrar deg som kunde eit godt resultat.  

Vi har frå oppstarten hatt ei målsetning om at vi skal vere på plass, når kunden treng det, ikkje kun når det passar best.
Dette betyr at du som kunde kan kontakte oss når det passar deg, både for spørsmål om løysingar, synfaring eller for andre spørsmål.

Vi tilbyr hos oss gratis synfaring saman med kunde, sju dagar i veka.
Vi veit at også kvardagen til våre kundar kan vere hektisk, så vi tek gjerne ei synfaring og kartlegg ditt behov etter "normal arbeidstid",
anten i veka eller i helg – om det passer det best.

Vidar er dagleg leiar i Asfalt & Forberedelser AS. Dette er mannen som kjem på besøk til deg, både før og under arbeidet og utfører det meste av synfaring, planlegging og kontrollarbeid. Vidar har lang fartstid i både asfalt og anleggsbransjen med 16 års erfaring i anleggsbransjen og har fagbrev innan Maskinførar-faget, og er ein av medeigarane i Asfalt & Forberedelser.  

Vurderar du å legge asfaltdekke kan du når som helst kontakte Vidar for ein hyggeleg prat og eit godt tilbod for ditt prosjekt (telefon: 919 96 523 eller vidar@asfalten.no). 

Han har heilt sidan ung alder arbeida i asfaltbransjen og har trass sin unge alder over 15 års erfaring i bransjen. Daniel møter du som regel under pågåande arbeid, med godt humør og smilet på plass.
Daniel er tilsett som fagleg leiar med ansvar for opplæring av lærlingar og har fagbrev som Asfaltør, samt at han er ein av medeigarane i Asfalt & Forberedelser. 

Daniel er løysingsorientert og brukar kunnskapen sin til å skape det beste resultatet mogleg etter kundens ønsker.  

Ian har over 20 års erfaring frå asfaltbransjen og innehar brei kunnskap om det meste faget kan by på. Han har også fagbrev som Asfaltør og er medeigar i Asfalt & Forberedelser. 

Med Ian på laget sikrar vi godt humør, kombinert med høg arbeidsinnsats og kvalitet i alle ledd. 

Magne har lang erfaring med alt bransjen inneber, der han har over 10 års erfaring i anleggsbransjen og over 5 års erfaring med asfalt- og asfaltering. 

Han har fagbrev innan Maskinførar-faget og er medeigar i Asfalt & Forberedelser. Med si lange erfaring er Magne ein viktig del av laget, spesielt med tanke på effektivitet og kvalitet med alt av maskiner og utstyr. 

Jim Helle er ein erfaren asfaltarbeidar som har jobba med asfalt sidan 2006.

Han byrja å jobba med asfalt som ung mann og har utvikla seg til å bli ein erfaren fagmann. I 2008 fekk han sitt fagbrev som bekrefta at han er ein erfaren asfaltarbeidar. Sidan han byrja å jobba med asfalt har han arbeidd med mange store og komplekse prosjekt. Han har opparbeidd seg ein sterk fagleg ståstad og er kjend for å vere tålmodig og nøyaktig når han jobbar. Han har òg opparbeidd seg eit godt nettverk av andre asfaltarbeidarar som han kan nytta seg av.

Jim-Andrè Jensen Dahleng er ein entusiastisk asfaltarbeidar som har jobba for Asfalt & Forberedelser AS i 8 sesongar. I 2019 fekk han fagbrev i selskapet og har vore ein viktig del av teamet sidan den gongen. Jim-Andrè har stor interesse for asfaltarbeid og nyttar å utfordre seg sjølv i denne bransjen. Han er alltid oppteken av å sikre at jobben blir utført på den mest effektive og kostnadseffektive måten, og sjekkar alltid kvaliteten på jobben som er gjort.

Jim-Andrè har i likheit med resten av asfaltlaget, eit sterkt ønskje om å halde fram å lære og forbetre seg sjølv, og deltek gjerne på kurs for å halde seg oppdatert på dei nyaste metodane og teknikkane.

Med sin dedikasjon og kunnskap er Jim-Andrè eit viktig medlem i teamet til Asfalt & Forberedelser AS.

Olai Botnen er 17 år gamal og jobbar som lærling hos Asfalt & Forberedelser AS.

Han er ein energisk og entusiastisk ung mann som er dedikert til å setje seg inn i faget og å utvikle seg som fagperson. Olai har alltid vore interessert i bygg og anlegg og då han fekk moglegheita til å byrje som lærling i Asfalt & Forberedelser AS, tok han den med stor entusiasme.

Send oss gjerne ein forespørsel

Synfaring
Kva skal asfalterast?
Areal
Kunde