Maskinpark

Nye og driftssikre maskiner

Vi har ein ny og moderne maskinpark med driftssikre maskiner og utstyr. 
Dette sikrar trygge arbeidsforhold, driftssikkerhet og eit godt resultat! 

Sjå meir frå maskinparken under. 

Asfaltlegger

Vi har i dag ein ny asfaltlegger frå Wirtgen Group av typen Vögele 1303-3i, 2021 modell. 
Maskina sikrar effektiv drift og eit godt resultat. 

Vi nyttar maskina til legging av grus og underlag ved grunnarbeid, samt legging av nytt asfaltdekke. 

Valsar

Vi har to aktive valsar, der den eine er av typen Hamm D12, 2021 modell medan den andre er ein Dynapac CC1100, 2016 modell. Valsar av høg kvalitet sikrar eit solid og jamnt resultat og er smidig, lett håndterleg og effektiv. 

Valsen blir effektivt nytta til både planering og valsing av både grunnarbeid og sjølve asfaltdekket. 

Hjullastarar

Med to stykk Avant 750, 2019 modellar har vi også utstyret i orden til bruk for asfaltfjerning, grunnarbeid og anna masseforflytting som er nødvendig. Maskina er fleksibel og enkel i bruk, som gjer den veldig bruksvennleg, også under vanskelege forhold.  

Vi nyttar maskina til det aller meste, frå grunnarbeid i forbindelse med rensking av gammalt dekke og til påfyll av grus og asfalt. 

Yanmar-SV100-2PB

Gravemaskin

Med ei Yanmar 6-tonns gravemaskin har vi også mulighet til å gjere større arbeid- og oppdrag for våre kundar. Med erfarne tilsette med fagbrev og lang erfaring i gravemaskin får vi jobben gjort. 

Vi nyttar maskina til både fjerning av gammelt dekke, graving og tyngre løft som krevst for å få jobben gjort. Med faglærte medarbeidarar og lang erfaring, sikrar vi gode resultat og effektiv bruk. 

Lastebilar

Vi har fleire lastebilar i vår maskinpark, der i blant vårt nyaste tilskot, ein Volvo F12 540, 2019 modell. I tillegg har vi også ein Volvo F12 540, 2016 modell, ein Scania 580 "Krokbil" frå 2015 og ein Mercedes Atego 2010 modell.  

Våre lastebilar blir effektivt nytta til både fjerning, kjøring, levering og tipping av både grus og asfalt. Med ein stor maskinpark sikrar vi at vi heile tida kan arbeide effektiv, utan store stans i arbeidet. 

Send oss gjerne ein forespørsel

Synfaring
Kva skal asfalterast?
Areal
Kunde